Jomfruland

Deutsch Dansk English Bahasa Melayu Norsk (Bokmål)

Jomfruland
Wikipedia

Jomfruland er ei øy i skjergarden utanfor Kragerø. Øya er 7,5 km lang og 1 km brei på det breiaste. Jomfruland skjermar dei mange øyane i Kragerø for bylgjene frå Skagerrak. Om lag midt på øya kan ein sjå to kvite fyrtårn på Jomfruland fyrstasjon. Det nyaste av dei to tårna er i bruk. Tårna er synlege frå alle kantar og vert ofte drege fram som sjølve kjenneteiknet til Kragerø og skjergarden. Ein kan koma til øya med taxibåt, bilferje eller eigen båt. Det finst fleire attraksjonar på øya, i tillegg til godt høve til turgåing for turistar og fastbuande.




Impressum