Suomi فارسی Tiếng Việt Galego తెలుగు Magyar Nederlands Slovenščina Српски / Srpski Norsk (Bokmål) Bahasa Melayu Português Română Français Euskara Català Svenska Lietuvių 日本語 Español Slovenčina 中文 Dansk ไทย Čeština Deutsch Italiano Hrvatski Українська Ελληνικά हिन्दी English Русский 한국어 Eesti Polski العربية Türkçe עברית
Mekka er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia. Han er hovudstaden i Mekka-regionen og ligg 70 km inn i landet frå Jidda i ein smal dal, kring 277 meter over havet. I 2012 hadde byen kring to millionar innbyggjarar, men under hajj, den muslimske pilegrimsreisa til Mekka, vert dette talet meir enn tredobla.