Ferdinandea

Tiếng Việt Ελληνικά 日本語 Español English Русский Français 中文 Polski Dansk Svenska Magyar العربية Nederlands Português Deutsch Српски / Srpski Italiano Norsk (Bokmål) Türkçe עברית

Ferdinandea
Wikipedia

Ferdinandea er ei undersjøisk vulkansk øy som er ein del av den nyleg oppdaga undervassvulkanen Empedocles, om lag 30 km sør for Sicilia. I dag er ho berre eit undersjøisk fjell, men har fleire gonger stige opp av havet under utbrot, før erosjon har ført til at ho har forsvunne i havet igjen. Sist gong ho steig opp av havet var etter eit utbrot i 1831. Dette utløyste ein strid om kven som skulle eige øya tidleg i 1832. Den franske geologen Constant Prévost vitja øya i lag med ein kunstnar i juli 1831. Han kalla øya Île Julia, fordi ho dukka opp i juli, og skreiv om funnet i Bulletin de la Société Géologique de France.




Impressum